tirsdag 8. juni 2010

dagens tekst om stengsler og om å få komme fri



Smi

Kaldhamre jern
fordi du ikkje har esse å gløde det i
kaldhamre livet ditt
fordi du ikkje har opplevd kjærleiken.
Fåfengd er slik kaldhamring
jernet får berre indre spenningar
blir skjørare og kan breste.
Om du berre kunne oppleve kjærleiken
da vil brått livet ditt gløda raudt
hugen bli mjuk så du bøyer han
hamrar han ut i eit gneistregn av lykkestundar
du blir sterk og tåler alt

(Vegard Vigerust)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv! Kommunikasjon er bra! Da må DU være med! (Jeg har dessverre blitt nødt til å sperre for anonyme kommentarer pga. mye plasskrevende spam de siste månedene)