Du er ein veljar
Med valrett frå Adams tid.
Kor ofte valde du rett?
Kor ofte gjekk du forbi?
Strøydd bak deg ligg hamane
av feilvalde ja eller nei;
dei rette blir liv av ditt liv
og syner deg lei.
Vel gud, vel kvinne, dine barns mor!
Vel vener og livsmål, gjerning og ord.
Vel høgt eller lågt.
varmt eller kaldt.
Men la ingen lure innpå deg
noko du ikkje har valt.
Og gløym aldri når du vrakar
at no gjer du eit val
no stenger du kanskje ei dør
til ein skinande sal.
Ver vaken og vaksen!
Ver ufødd, ver barn.
La ikkje Vrengja fange deg
i sitt lumske garn.
Gløym aldri aldri:
Når du lever, så vel du!
I di siste stund
tel du og vel du.
Ragnvald Skrede
Takk for et fint dikt fra en dikter som vel hadde fortjent en bedre skjebne og en litt større plass i litteraturhistorien!
SvarSlettTakk til deg. Dette var jo et "ungdomsdikt" - et av de jeg skrev opp da jeg søkte de store ordene om livet og framtida. Og noe det har vært godt å vende tilbake til.
SvarSlettMen jeg forstår på dine linjer at jeg vet lite om Ragnvald Skrede selv....